tirsdag 26. mars 2013

PREIKESTOL LYRIKK (1988) Sigve Lauvaas * Side 33-41




Side 33-41
DU KJEM HIT

Du kjem hit, og ikkje lenger.
Grensestolpen held oss vaken.
Du har Gud i hjarta, venn.
Og eg møter dine steg.

Einsam går du, må eg tenkje,
ut i regnet etter slekta.
Du kjem hit og ikkje lenger.
Sanninga er kjærleiken.

Ingen går aleine her ifrå.
Ordet, songen gjev deg styrke
til å kome inn i landet.
Du er ikkje einsam lenger.


VI TALAST

Vi talast vel att? sa han
kvar kveld han gjekk.
Og somme gonger tok han meg i handa.
- Får tru at vi råkast.
Så skildest vi.
Så møttest vi ved grinda. Han hjelpte
lammet. Han var utan hund.
Gjekk liksom, og berre tagde.
Sommaren var komen. Tankane strekte
inn i fjellheimen. Der han gjekk,
siste ferdamannen.


TIDA

Siste timen. Timen i Getsemane.
Krossen som gav verda fred.
Vegen til Paradis.
Tida, slik ho er for oss.
Utan ro, utan stopp.
Vi er med på karusellen.
Medieflaumen. Siste kvelden.
Vi er fødde til å sjå,
vere vitne til Himmelferda.
I det ljos som Herren skapte
skal vi stige, skal vi stige,
sjå Guds englar ved vår side
heime i Guds Paradis.

34
JUL

Heim til jul, til far og mor,
heim til fest og hyggje.
Vere saman, syster, bror,
byggje sterke band. Byggje
heimen, over land, over by.
Vere som ei sky, ein styrke,
i ei mørk og farleg verd.
Vere heime, denne jula. Sjå,
ljoset, stjerneljoset.
Høyre bålet, middnattstimen.
Englar syng, stig opp og ned.


SNART SKIN SOL

Snart skin sol. Det skin i snø.
Spor frå alle stjerner.
Borna syng, og det er fred.
Nyårsnatta kjem med nye under.
Sol går ned. Verda ynskjer brød.
Gud kjenner sine. Vi må tru
Abraham og Isaks Gud.
Fader Vår, gjer nye under: Sjå, Jerusalem!
Til Herrens hus går vegen vår.


BARNET

Det var ein gong eit barn.
Ho var det sterkaste som var fødd.
Det vesle menneske var av eit anna slag,
hadde klokker i kvart auga,
hadde ei verd i kvar hand.
Hjarta banka trygt, men gråten var opprivande
som havet under orkan.

Har du berre drøymt om henne,
eller har du sett henne i ein båt, på vegen?
Eg veit berre ho er det sterkaste.
Ho skal vekse, eg skal avta.
Snart er ho i ei verd av blomar.
Største blomen er kjærleiken. Eig du denne, er du fri.
Alle stjernene som lokkar og dreg og held oss vakne.
Eg og vil finne ei stjerne å halde i.

35
INSTE DRAUMEN

Å spegle seg, sjå inn i tankemylderet,
finne irrgangar og labyrintar; det er draumen.
Draumen om å vekse, bli stor, halde i noko ein eig,
gå over stokken til sitt eige - og sjå utover bøen
når kornet er mogent til hausting.
Det er som å vere heime, kjenne seg trygg og sterk.
Kjærleiken lyg ikkje, men er som eit hjarta
som aldri sviktar.
Det er godt å vere kar i ei verd utan hat og krig.
Berre alle kunne kome inn i min draum.

Å sjå Jerusalem, gå til Betlehem, stå ved Jakobs brønn,
oppleve Holocaust-museet.
Det er sterkt som Jerusalems murar,
der eg gjekk tidleg ein morgon, før hanen gol.
Eg er glad i dette landet, og dette folket med ord.
Av ordet skapte Gud. Av ordet er alt skapt
som er blitt skapt på jord.
Det ringer i klokker når eit menneske vert fødd.
Når eit barn smiler og ler blinkar stjernene.
Jorda er ein hage for alle menneske,
berre vi kunne sjå det.


SNØ

Djup ligg fonna. Her kviler blomen.
Lengst nede kviler eit barn.
I varm sol gjekk guten. I dag er snøen her,
Og alle spor er borte.

Kjærleiken lever kringom husa her.
Snøen er brå og kald. Iskald og aleine
møter vi verda. Ingen er annleis når snøen kjem.
Eg kyste handa og sa farvel, siste dagen.

Vi kan ikkje vere her stort lenger.
Hjarta kan ikkje halde hus utan deg.
Når snøen er ferdig kjem våren.
Å snu verda kan berre Gud.

36
I BLINDE

Høyrer ikkje, ser ikkje, skjønar ikkje,
er berre rumlande magar, søkjande spyd.
Vi er villfarne, levande på leit etter ord,
etter sanninga. Du festar hendene i mine.
Det bur noko i den som går i mørkret,
du ser ikkje annleis, er redd for å gå feil.

Handa mi er sterk når eg ser.
Ta mi hand, så går vi til verdas ende.
Du og er modig som fører meg fram.
Det er viktig å kome over grensa
før frosten legg is over landet.
Stum står ein og ser. I blinde.
Villfarande, vaktar ein vegen med øyro.
Ein kan kome langt som vil noko, som vil fram.
Det er vegen som fører til målet.
Blinde var vi alle før lyset.
Med takk og undring søkjer ein sanninga.
Berre lyset kan lyfte ein fram til ei anna verd.
Du kjenner stjernene på himmelen.
Ingen kan finne fram utan ei stjerne syner vegen.
Vi treng alle ei stjerne,
og ein engel skal lyse for meg.

37
PREIKESTOL

Å stå på ein stein og svare for seg,
det kan kvar mann som elskar sin veg.
Å reise seg opp, bruke mange ord,
det kan den prest som er så stor.

Alle er prestar i Noregs land,
alle har ein preikestol.
Og har du noko du vil ha fram,
så sei ifrå, det er ikkje skam.
Men skam for dei som går bak din rygg
og buldrar og blæs som ein storm.
Ver tru i det små, gå fram, om vegen er lang,
og til slutt skal du løna få,
framme, i Kanaans land.

Tida er smal, tida er vid, vegen går bratt og i ring.
Og vindane blæs, vi er rådville, fri,
men hjelpe den smed som ikkje kan smi,
for livet er ikkje ein smalhalsa strek,
det er underleg straum i eit liv.

38
VÅR

Nå går snøen i Mørkeskaret, nå kjem lauvet i li.
Kjenner du våren frå inst i hjarta?
veit du at det er ei lykkeleg tid.
Og borna sprett som hare på vegen,
og blomen er god som gull.
Kjærleiken kviskrar i kvart eit laken.
Snart er det sommartid.
Og blomane sprett, og fuglane trippar.
Det er som verda på ny får eit smil.

Eg kjenner eit brødfat som aldri vert tomt,
ei signing frå far og mor.
Eg kjenner ein draum frå då eg var ung,
om ein gong å verte stor.
Så mykje eg skulle gjere, og sjå, høyre frå fjell og myr.
Sit ved ein steingard og ser og ser, inn i ei anna tid.
Eg skulle gjere så mykje godt,
plante eit tre for kvar dag, og sjå eplene modnast
og dele dei ut, eit eple av alle slag
til alle eg møtte, til ven og bror,
til nabo og slekt, ein dag.
Eg skulle vere til for å gjere godt,
heise eit flagg for mor,
gå ut i kulden og redde ein bror,
vere handa og hjarta til far.

Nå går eg kring bøen, sit på ein stein,
kjenner kvar blom og kvist.
 Som liten gjekk eg vegen her, nå er eg vorten stor.
Men våren er blid, og eg takkar for sol,
er glad for kvart blometre.
Når hagen blømer er det fest i mi sjel,
då strålar lyset fram.
Eg kjenner namnet, vegen er her, fjella ropar og syng.
Snart går eg vaktsamt i møte med deg,
og du er evig ung.

39
REISER

Nå reiser eg ikkje meir, nå er det slutt med det.
Berre for augo og hjarta, reiser eg for å møte deg.
Reiser i tid, og rommet - er livet, på jord ein stad.
Her reiser alle på vegar, som maur, mot ei evig grav.
Men bak denne istid, støvet - vil stige til Gud,
og her skal perlene finne sin hank,
og blomen skal sprette ut.


LYKKE

Å vere til, vere i denne sjø, ro mot målet,
med sollys, stjerne, og brød;
det er lykke i livet, for den som kan finne hamn,
reise med bankande hjarte, med kjærleik i kvar ei hand;
det er det beste skutsmål, fred og signing frå jord,
å ro mot Lykkelandet, med strenger og englekor.


BLOM I FJELL

Går du i fjell og finn blom,
vert du glad.
Sjølv er du blom på din veg
i dag.
Berre du visste å vatna han vel,
og stelle han slik
 som blom på fjell.
 Da var du rik.


VEG Å GÅ

Alle har veg å gå. Det er slik.
Ingen kan gøyme sitt andlet for Gud.
Vegen er sjølve livet.
Og vi går og vi trør og vi set våre spor,
men kva er det så som veks opp?
Våre frø er eit endelaust rop om ein bror
som ikkje fekk sjå ei sol.

Vi lever, og døyr.
Vår veg er eit rop.
Vi skulle gå lenger, vi var i eit kor.
Denne vegen er som ein preikestol.
Vi kan sjå, vi kan gå, vi kan møtest igjen,
gi eit ord til helsing og trøyst.

40
TRØYST

Så mange som lengtar etter å sjå.
Lat dei få sjå.
Lat kvar den som lid
finne ein heim, få trøyst i si tid.
Lat ikkje blomane henge på stilk.
Lat dei få sol, kjærleik og trøyst, i vår tid,
medan det ennå er tid.
Lat hjarta få slå
for den verda som ber oss fram,
og Gud – som ser
og skjønar og skjønar
at vi er så små.


LANDSKAP

Her, under hengande lauv, ved fjell og fjord.
Eg ser at det snart er kveld, eg kjenner solelden ror.
Kven møter under ei marmoreik? Ei himmelsol.
Eg opnar ei grind. Her er godt å gå. Eg kjenner meg varm.
Den vegen eg går opnar tankar og sinn mot eit eventyrland.
Kven veit? Snart er tida i skap. Vi skal gå mot ei strand.
Ein morgon er livskvelden her.
Vi er biletet Hans, og vi har eit namn.

41
HAVET

Alle skal møtast ved havet, sjå bølgjene bryte mot land.
Vi skal gløyme pengejaget, og streve med kjærleiksband.
Vi skal finne ei trøyst til det siste, i Ordet som speglar vår kyst.

Vi er dei første som vaknar – når kyrkjeklokkene spør.
Med helsing syng vi mot havet. Vår tid er ei open dør.
Vi skal finne inn til varmen, til heimen, til trøyst, og Gud.
Hjelp dei som vandrar i mørkret, rop liv i den steintunge ur.


DET SKIN

Det skin av dag, det skin i fjell og bre.
Det skin for kvar ein vandringsmann, for blom og hegg og kveg.
Det skin over haug og heim, det skin i hus og hytte.
God morgon, alle instrument, god morgon song og tale.
Det skin så vakkert i mi sjel, det skin frå fagre Lyse.
Når sola går er det blitt kveld, og natta kjem. Det renn ei elv.
Kvar vert det av ditt strålespenn?
Nå vakna alle, kvinner, menn.
La borna sjå: det kjem ein venn til bygda her.
Frå fjellet skal det tale.

Og steinar får ein annan let, og fuglar syng som aldri før.
Nå skin det over dalen her. Det skin i mark og himlaver.
Det skin i is og skare, over fjell og ned til deg.
Så syng ein engleskare:
Halleluja. Nå kjem vår Gud tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar