Side 18-25
VINTEREN
OG VÅREN
Brør
går side om side.
Kjærleiken
krev ikkje svar.
Vinteren
og våren er søsken.
Difor
glitrar sola og stjernene,
difor
er månen så trygg.
Vinteren
er eldst her i landet.
Så
kom våren med blomar og blad.
Ingen
kan finne kjærleiken
utan
å gå denne vegen.
Du
skal sjå og vere til
med
kropp og sjel.
Da
er du eit ektefødd barn.
Du
er blomen i vintersnøen.
Eit
svar til våren.
Og
lauvet sprett, og du
er
kjærleiken, tvillingstjerne.
HAND I HAND
Med ei biletbok
fekk
eg lære å sjå.
Ein
spegel opna seg
i
handa mi,
og
hjarta mitt fløymde
av
nye tankar,
og
orda fekk føter.
Slik
byggjer ein
framtida.
Sjølve
er vi nakne,
men
går hand i hand
og
finn kvarandre.
I
første klasse
tykte
eg det var gildt
når
læraren las eventyr.
Det
var bilete som gav
spaning
og glede.
Eg
fekk lyst å verta noko
i
denne tida, i dette rommet.
Kvart
sekund var dyrebar,
og
eg skreiv ned
alt
eg ville gjere,
i
store trekk.
Lesing
og skriving -
hand
i hand gjennom livet.
Og
der skulle vi møtast,
på
andre sida, i ei biletbok.
Og
eg skulle skrive teksten.
Det
var sjølve livet.
Den
første dagen hand i hand
med
eit stort forfattarskap.
Og
vi lever ikkje aleine.
Vi
er i livet
som
ordet i litteraturen.
Vi
er fargerike leirtavler
på
veg til verdas ende.
Her
snur vi oss
og
møter Den Heilage Gud.
Vi
er ei ytring på veg.
Vi
er ei biletbok for Ordet.
19
GREINER AV
SAME TRE
Lat
oss saman gå over brua til dei svarte,
lat
oss vise at vi er menneskeborn, alle.
Lat
dei svarte kome til oss,
dele
vårt brød, dele vårt hus.
Vi
er fødd under same himmel,
vi
lever under same åk.
Lat
oss saman dyrke jorda og plante.
Og
hagen skal vere open for alle.
Vi
er greiner av same tre,
fødd
under same sol.
Vi
er frukta frå Edens hage.
Og
alle skal sjå: Herren er god.
MENNESKEBARNET
Det
skrik, det kjem ikkje frå.
Menneskebarnet
er fast i verda, fast
som
ei stjerne, og det går i sin bane
til
det sloknar.
Menneskebarnet
på vegar, i fjell,
bles
bort, snør ned.
Ingen
finn fram til det inste i barnet.
Menneskebarnet
har sjel.
Sloknar
du som eit fyrlys,
milevis
til ei anna stjerne,
eller
tett ved - eit nyfødd barn,
ei sol, ein annan planet.
Menneskebarnet skal reise seg att
og
stå som ein varde,
gje
retning for dei som går vegen.
Vi
kjem, speglar oss, og reiser ei natt.
20
JÆREN,
JÆREN
Stort og vidt, bølgje med havre og bygg
og
jordeple og timotei.
Traktoren
pløyer molda der hesten gjekk,
og
kyrne sig inn til kvelden.
Dei
ventar...
Mjølkemaskinane surrar, bonden sår
og
bonden haustar. Hauststormane kjem,
men
dagane vert lange.
Bonden
må ha arbeid i byen. Dette går ikkje lenger.
Ti
timar kvar dag, eit fjøs med 20 kyr
og
50 gris, og likevel må bonden ha halv jobb
for
å få endane til å møtast.
Det
er godt med den industrien.
Folk
med syner seier at snart kan vi slutte med alt.
EF
kjem med det vi treng, og da så...
Vi
må berre vere vakne
så
ikkje Jæren vert nedtrødd av framande
eller
oppeten av industrigigantar.
Songen om Jæren ligg i hjarta
alt
frå barnsbein.
Vi
skal stå ved steingardane og synge, vi
skal
slå ring kring fedrearven.
Jæren,
Jæren.
21
DIKT TIL
DEG
Ord
er som sandkorn,
dei
silar seg.
Ord
vert slipte, polerte,
og
kjem som augo or vatnet.
Ord er som menneskeborn
i
straumen.
Dei
vert jaga, piska,
og
kjem som troll or molda.
Ord, ord av kjøt
som
kjenner sine.
Kjem
du ikkje til mitt hus?
Draumen
er vengene som stig.
KVA ER
SANNING?
Vi
leitar etter sanninga.
Atlantis
er borte.
Urfolket
gav oss gullet.
Vi
ser nye koralrev,
nye
landskap.
Mennesket
stig fram.
Mange
språk kjem saman.
Klimaet
snur verda.
Vi
er berre ei maske av Gud.
BERRE EIT
DIKT
Smiledikt,
noko å halde i, sjå seg glad i.
Sjå
i spegelen og finne seg sjølv.
Kjenne
seg heime, gå opp trappa, sløkke ljoset,
sette
seg på sengekanten
og
hugse: det er morgon.
22

Dei
opna seg mot Storhavet.
Ein
augneblink var det berre Storhavet
og
menneskekroppar som ropa
mellom
åretaka.
Storhavet kom som ei frådande bølgje
og
ville knuse dei.
Og
himmelen rann ned som ei mare.
Nåden
var langt borte.
LAUVTRE
Du skal elske. Det er lova
for
kvart menneske.
Treet
skal du elske.
Du
er sjølv ein del av det.
Lauvtreet bøyer sine kjælne lauv
mot
panna di.
Du
skal elske dette som gjev seg sjølv,
så
vi kan vekse.
Det skjelv i vinden. Og vinden kjem
inn
i mennesket og styrer mennesket.
Som
eit lauvtre duvar det i vinden.
Som
ein kornåker er menneskebarnet.
Du skal elske. Du kjenner varmen
stig
frå jorda. Greinene helsar.
Det
er dag. Det er vårløysing i fjellet.
Vi
ser kvarandre. Vi er lauvtre.
23
VAR GUD EIN DIKTAR?
Var Gud ein diktar,
ville
han dikte om kvinna.
Var Gud ein diktar,
ville
han sjå til meg og helse
med
skaparordet.
Gud ville skrive namnet på himmelkvelven
og
rope så mørkret vart dag.
Gud
ville gå gjennom landet, vårt eige land,
og
gjeve oss sitt brød.
Var Gud ein diktar,
ville
han dikte om mannen som reiste seg
og
bøygde seg ned til kvinna.
Var Gud ein diktar,
såg
han borna sine som tørsta,
og
han sa til dei: Gå ut i ørkenen
og
eg vil gje dykk levande vatn.
MELDING
FRÅ NORD
Snøen hadde øydelagt ei lita bygd
og
seksten var gravne opp
og
sendt til sjukehus.
Ingen
var omkomne - denne gongen.
Redningsmannskapet
var ute og lyste heile natta,
og
ein lavinehund fann dei sakna
frampå
morgonkvisten.
Frå
nord går Hurtigruta innom Stamsund.
Ei
radiomelding fortel at ein passasjer
har
sett fyr på lugaren. Brannen vart oppdaga
og
slokkingsarbeidet kom fort i gang.
Saka
ligg nå hos politiet i Hammarfest.
Det
er venta storm på kysten.
Ein
utanlandsk trålar er brakt på land i Bodø,
tiltalt
for å ha for små maskar i trålen.
24
DET ER DAG
Vi
syng vår song, vi et.
Vi
heiser flagg.
Alt
vi eig er lånegods.
Vi
gjev vår hand
til
bror, til land.
Vi
syng vår song.
Livet
er vårt rutenett.
Vi
reiser dag for dag.
Om
natta over grenseland.
Det
er vår draum:
Vi
skal kome heim ein gong.
Sjå
til ditt spor,
få
mange med.
Her
veks din blom
for
fred, for fred.
Og
dagen renn
og
månen kjem.
Vi
syng, vi syng,
vi
lever med.
Snart
stig det opp ein englesong.
Og
dagen kjem
med
fred, med fred.
TANKAR
Ikkje
mange tankar er så store som eit fjell,
ikkje
mange tankar veks ut or ein skog,
ikkje
mange tankar finn ein på vegen
når
sol går ned.
Ikkje mange tankar den siste dagen
er
store som eit hus,
ikkje
mange tankar den siste stunda
gjev
rom for tvil.
Tankane
kjem, dei bur i mennesket, dei fer.
Tankane
er som ei bru
mellom
mennesket i denne tida
og
mennesket i ei anna verd.
Tankar,
så mange tankar som vert øydsla bort,
tankar
som vert rivne laus,
tankar
om draum og tyding,
tankar
om tru og liv.
Ikkje
mange tankar ber gudegneisten,
ikkje
mange tankar gjev verda ljos og varme,
ikkje
mange tankar har den som ikkje vil
vera
ein bror for dei andre.
25
LIVET
Eig du noko stort og gildt
er
det ikkje lett å reise frå.
Eig
du gard og grunn
kan
du ikkje reise frå.
Mange
ting i livet bind ein.
Det
er slik vi gjer det til.
Aldri
må du misse motet.
Vegen,
fjellet, skogen, havet
susar
i vår eiga sjel.
Vi
må reise oss frå støvet,
sjå
i stigen fram mot Gud.
Livet
er ei evig reise.
Vegen
er eit eg og du.
EIN MORGON
Det var ein morgon
langt
borte ein stad,
og
du fekk vere med.
Det
var så fin ein morgon,
og
dagen fekk vi sjå.
Gud
signe vesle sporven,
Gud
signe alle små.
Det
er så godt å leve
når
livet er ein fest.
Vi
skulle alle vere
for
kvarandre heidersgjest.
Sjå
til at all din rikdom
vert
brukt til kjærleik, du,
så
vil du sjå ein himmel.
Ein
morgon er du ny.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar