tirsdag 26. mars 2013

PREIKESTOL LYRIKK (1988) Sigve Lauvaas * Side 10-17






Side 10-17
SKRIVING

På steinar, i fjell
finn vi skar etter folk,
namn og vers.
Bilete av seg sjølv
og si eiga tid
skal leve.

Dei skriv og teiknar
og gjev oss ein song,
dei stuper inn i vår tid.
Vår skule spør
i tankar og dikt:
korleis verda var før.

Dei reiser sitt instrument
og speler for sol og vind.
Dei lever og dansar
og spår i si tru.
Eit tre er eit evig minne,
ein skog er eit eg og du.


LYSET BRENN

Det brenn på fyret, alltid brenn det
ein stad i verda. Det brenn
i vår eigen hug. Vi reiser
og syner vårt brennande auga.
Vi er eit fyrlys, ei sol.

Det brenn i ein blågrå himmel ytst
mot ei evig strand.
Det brenn i dagen og natta,
det brenn morgon og kveld.

Lyset brenn på bussen, i toget.
Det lyser i profil.
Løys skaparkrafta ein morgon,
og det lyser av alt du gjer.
Det er lys i alle rørsler:
kjærleik, strev.
  
 11
SOLA ER FOR ALLE

Vi skal alle verta metta av sol,
vi skal alle sjå vinden
og høyre graset gro.
Hus skal byggjast og folk reise.
Vi skal bere vår tru,
vi skal vere eit levande vitne.

Og under sola står flagget vårt,
eit krossmerka flagg for Gud.
Vi har sett døden og livet,
og døyparen Johannes.
Vi skriv 1988, og vi
har ein tanke om å leva evig,
ha sola i hjarta. Ordet
skal føre oss fram i vår tid.


FJELL

Eg ser, eg minnest med glede
alle dei høge fjell.
Eg undrast tidt over dagen eg fekk
på Høgfjellet, på Sumarbeite.
Her voks gras og lyng og mose
og einkvan blomen stakk luva opp.
Eg møtte fugl og dyr, og myggen
var ein utidig surr.
Eg høyrde bekken surla og song
den fagraste melodi.
Budeia gjekk berrføtt i graset
og lokka på kyr og sau.
Her skulle dei leve og mettast.
Det var i juli ein gong,
og eg song og eg song.
Heile verda kunne høyre mi glede
frå Stølsvegen heime, min song.
Her fann eg eit ord å kvede:
Ver tru mot deg sjølv og kallet
du fekk i dåpen ein gong.
Og høgt skal kvar tanke spire
og sol sjå frå Vardenut.
Kvar er ein konge på fjellet, i møte med Gud.

12 
AUGUSTKVELD

Det spelar i august,
det voggar i tonar frå nord,
ein roleg rytme mot glaset,
ei stirande soleldglo.
Og far står ved åkerreina
og mor kinnar smør.
Og månen siglar på havet
og regnet kjem inn frå sør.
Eit minne, eit halvgløymt minne
om Amerikafeberen heime.
Dei reiste frå gard og grunnar
over havet med knepte hender.

August var månaden dei reiste.
August ved ei grind.
Her spelar lauvet i vinden,
her møtte eg kjærasten min.


JULI

Denne tida vi ligg vakne om nettene
og ser etter om frukta er moden,
denne tida vi hentar jordbær
og reiser til fjells.
Vi går etter noko som lyser,
og borna får hoppe i høyet.
Det er slik forunderleg regnver
og sol, mest annankvar dag.
Så kjem makrellen inn fjorden
og alle fiskar og et.
Bjørkesusen og lyngen svarar
med regnbogehimmel og fred.

13
EIT VERS

Nokre ord til alle dykk
som strevar med jorda:
Gje aldri opp, men tru.
Morgondagen skal gje styrkje.
Livet skal verte lett
for dei som ber tunge bører.
Kornet skal Gud velsigna.
Det er vår trøyst at bonden ser at det veks
og har tru på morgondagen.
Da kan folk tru på seg sjølve
og be til Vår Herre: Fader Vår.


DET ER IKKJE LETT

Å vere menneske er ikkje lett.
Mange vegar fører til Jerusalem,
men ikkje alle går dei vegane.
Mennesket heng ofte på steingarden
og spør etter vinden, høyrer
sanninga som gjennom regnbogestrenger.

Det er ikkje lett å svinge seg
når ein er frå Lofoten eller Smøla.
Vi har så lett for å døme andre,
men sjølve er vi eit mysterium.
Vi går på stylter og veit ikkje
at ljoset skin i mørkret for alle.
Og vi skal sjå englar stige opp og stige ned
i ørkensanden. Speglingar møter oss
på vegen til Det nye landet.
Vi er ein spegel for kvarandre, og
vi vert forma i denne spegelen.
Vi møter den nye dagen med vårt andlet
og vår skugge. Vi er barnet i mors liv
som reiser seg mot stjernene og Gud.

14 
ROM

Vi er alle eit rom,
alle er vi ved sida av eit rom,
og vi møter rom på vegane våre.
Vi kjenner romet trygt
som steinen eller fjellet.
Vår inste natur er eit rom
for alle vindane.

Eit menneske kjem framom,
og vi ventar på det store spelet.
Kvart år står vi under Varden
og ventar i spenning den minste lyden.
Vi er i romet, og vi er sjølve eit rom
for all verda, for kvardag og fest.
Vi skal stire inn i himmelen og gå
vegen til det minste romet
og finne oss sjølv.


HEIME

Vi er heime ved kjelda
og ausar or opprørt vatn.
Vi kjenner lukta av mold
og vandrar ved ei fullflødd elv.
Kvar dag er vi heime ved grinda
og helsar far og mor.
Vi stig i det nye landet,
og gjev oss sjølv kvar morgon
eit møte med vår bror.

Vi er det nye landet som kjem
opp or havet, fram i dagen.
Vi opnar grinda og drikk av kjelda.
Vi ser ljoset frå stoveglaset
og kjenner hjarta slå.
Her er eg heime, her kjem eg att,
og plukkar blomar og strå.

Fjellet reiser sin rygg. Sola stig.
Tuntreet møter ein son i døra.
Nå er du heime. Huset er ditt.
Stig inn. Skaparhendene spør
etter landskap, andlet, himmel, hav.
Nå kan du måle di eiga sjel.
Her er du fødd, og her vart du træl.
Så reiste du ut i verda,
og så møter eg deg, kjærleiksbarnet.

15 
STILLA KJEM

I fjellet er stilla. Du møter
eit anna rom, ei anna verd.
Her er klokkestille. Du ser
stjerner. Kvelden er eit rom
med alvor og skjemt. Her kan du bli
vaken for vinden, vaken for deg sjølve.
I fjellet kjem stilla til ein. Du finn
ljos i tida, og songen finn deg heime.
Du syng med, og alt er som ein draum.

Ikring deg vaker myggen. Bekken kurlar
mot havet. Barnet søv.


DIKTAREN

Han lutar seg over ei myr, ser
inn i framande vidder. Her
skal diktaren grave. Nå er tida
for ei ny bok. Det gjeld berre
å vere vaken, satse på dei rette
orda, sjå fram, vere litt lenger
under open himmel, kjenne myggen
og havet og vinden. Da vaknar
det inste i mennesket. Du er
eit under, for Gud er du barnet,
engelen, vegvisaren, varden.

I heile verda skal diktaren skine.
Orda skal kome fram i pressa, og
diktaren skal verte høyrt av mange.
Berre Ordet kjem fram, så er du rik,
så er du ei kjelde for lesaren
og kan opne augo for ei ny verd.
Og du står ved Jerusalem-muren
saman med tusen, og alle syng,
for Ordet har gjeve mennesket fred.


HAUST

Folk spring etter smale,
og fuglar flokkar seg og fyk.
I natt reiste naboen i ambulanse.
Det heilage fjellet står i brann
av haust og gull, og havet lyser
og himmelen er som eit spel.
Folk kan gå til ro, og regnet kjem,
stille og mjukt, og prikkar
landskapet, og ditt andlet
er som ei barnehand.

Så vert det stiv kuling,
så er du ein gamal mann,
og hausten er sjølve symbolet
på heilagdomen -
før Det nye Jerusalem.

17
SKAL HO LEVA?

Skal ho få ei mor og ein far,
få vekse opp mellom vener?
Skal ho ro på det same hav
og finne si øy?

Skal ho få bu mellom oss,
i landet vårt?
Skal ho tale same språket,
finne kjærleik og varme,
vere ljos på vegen?

Kanskje er det nettopp ho
som skal føre slekta vidare?
Vi veit ikkje sikkert, alt
er berre draumar nå.

Men, velkomen til livet, du,
som er utvald blant tusen.
Du kan verte slåttekar på den nye bøen,
eller bokbindar for ei ny kongsætt?
Vi skal opne døra og gje deg eit namn.
Du er ei fager rose i livet.


BERRE SMIL

Kvar dag skulle du smile.
I frikvarteret skulle du smile.
Du skulle smile første dagen på skulen.

Plutseleg kan du stå der og smile,
berre smile
med einkvan i augekroken.

Å smile for å gjere livet lettare,
for å få ein betre figur,
av helsemessige årsaker.

Eit smil kan vere eit vendepunkt i livet.
Du møter deg sjølv i spegelen,
og epletrea i hagen blømer.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar