![]() |
Preikestolen-ill |
Side2-9
NOREG
Det er ikkje berre berre
å
snakke levande norsk,
det
er ikkje for kvar mann å tale
slik
Ivar Aasen gjorde.
Vi
har alle ein veksestad,
vi
er alle eit tre i skogen.
Vi
kan alle sjå vegen fram
og
vere tru i vårt kall.
Det er ikkje for alle å gå
i
blinde og finne seg sjølv.
Spegelen
for vårt mål
er
barnet sitt fedreland.
DEN BESTE
TIDA
Nå
er den beste tida.
Vi
veit ikkje av noko anna.
Tida
er fred i hjarta
for
den som har møtt morgonsola.
Nå
er kornet skjært,
nå
er det tid å hauste.
Kjærleiken
svinn i livet
for
den som ikkje får så kornet.
Draumen er vandring
mot
høgare tindar og mål.
Kornet
må knusast
før
det kan gje kraft og signing.
3
FRED
Klokker
tikkar og tikkar,
regnet
kjem som ein pøs.
Nattsvarte
himmel sender
rikeleg
stovefred.
Ljoset
skin og det tutar
i
båtar frå framande land.
Inn
til den trygge hamna
går
vegen for alle mann.
Klokker
tikkar si messe,
men
regnet har teke fri.
Sola
skin gjennom teppet
av
godverskodde på ski.
Fred over alle åsar, fred
for
den fredlause mann.
Ei
stjerne og tusen stjerner
møter
deg, Israel.
PÅ VEG MOT
NOREG
Det
kjem ein båt, det kjem eit fly.
Trafikken
har auka i sommar.
Dei
kjem for å sjå kvar vi bur.
Dei
skal sjå Preikestolen i Lysefjorden
og
Kjerag-kongen og midnattssol.
Dei kjem frå fjerne land for å sjå
og
oppleve folk og fjord, her i nord.
Dei
kjem med bil frå Kontinentet,
dei
kjem med tog og buss.
Dei
filmar heile Noreg og skriv:
Dette
landet er som eit eventyr!
Dei
flokkar seg rundt Geiranger,
og
Trollveggen er eit syn.
Sognefjorden
og Vestlandet
er
for turistane: eventyr.
Dei
kjem og dei spør, dei stig i land
i
Lofoten, Hammerfest, og Helgeland.
Det
susar i skogen, det susar i fjell.
Nå
har dei oppdaga Noreg, dei kjem
år
etter år, for å sjå Gamle Noreg.
Vi
som bur her må lære litt språket.
Det
norske må stige fram.
Med
smil skal vi møte folket og synge:
Velkomen
til Noreg, Eventyrland.
4
GÅ TUR
Det er ein lov: Gå tur!
Vi
skal ikkje sitte stille,
men
vere ei levande øy.
Gå
tur! Du skal ikkje sitte inne!
Du
skal ikkje vere ein mur.
Du
skal opne ditt auga.
Du
ser du er til
i
eit blomehav, eit forunderleg blomehav.
Her
går du i ring.
Du
ser i spegelen at Gud er til.
Du
opnar ditt auga for Jesus,
han
som gav sitt liv
og
som lever i dag.
Gå
tur! Sit ikkje inne og døy.
Ver
ute på marka, sjå
skogen
er heilag, fjellet er ditt.
Du
er ei gåve frå Gud.
Sjå,
denne vegen skal føre fram
til
himmelen.
Du
er brevet. Du vert lesen av mange.
Din
livsstil er poesi.
NATT
La glaset stå ope. 20 grader
med
lett bris frå havet.
Vi
møtest ved himmelporten
og
skriv namnet.
Vi
har ikkje råd å gå inn
til
det aller heilagste.
Vi
står i glaset og ser,
alt
er roleg nå, alt er slik
det
var ved middagsbordet før:
Klokka slår tolv, og vi er her
med
vår sorg og vår glede,
vi
er stjerner i natta,
gjennomsiktige
stjerner for Gud.
Og
vi står ved ei grind,
og
vi slepp ikkje inn,
og
vinden susar i draumen og natta.
5
LYSEFJORDEN
Denne
mektige fjorden, denne stupbratte fjorden,
denne Preikestolfjorden, Kjeragfjorden, Lysefjorden.
denne Preikestolfjorden, Kjeragfjorden, Lysefjorden.
Det
syng i mine hjarteårer.
Ein
streng av dur og moll, eit sus av fjell,
ein
foss med tusen millionar kilowatt, eit troll.
Eit
Lysefjordtroll i fjellveggen.
Det
lyser opp. Ein månesigd skjer ned
og
skaper spenning, melodi, poesi.
Er
du med til Lysefjorden, er du med i dette koret
som
skal stige som ei stjerne? Er du spegel
for
ei framtid? Er du vill og vakker, engel,
eller
er du berre strekportrett? Du er du,
og
Lysefjorden, vegen, Lyselandet, fire mil frå Oanes.
Høyr,
trompeten. Det er fest på Preikestolen.
Ei
trapp skal føre opp og ned, frå Lysefjorden.
Kjerag-kongen
er eit syn, ein stupbratt vegg.
Fiolin,
orgelmusikk, trompet, romantikk.
I
Lysefjorden møter du deg sjølv, og må svare:
Eg
er eit troll og du er eit troll.
På
alle fjell, bygg ein varde!
Så
veit vi vegen, så kan vi sigle kvar einaste kveld.
VINDEN
KJEM
Du er naken
og
vinden kjem.
Du
møter til avtalt tid,
du
er ein engel
og
kjem med di bør.
Ein fuglekasse, eit nek,
ein underleg draum,
og
du er borte,
du
er langt borte
og
du er nær.
Du kjem som ein vind
og
tek meg om halsen
og
kviskrar
og
skriv namnet
i
eit vengeslag.
6
DET BANKAR
Alltid
bankar det på døra,
bankar
på hjartedøra,
det
bankar kveld etter kveld,
og
eg må skrive det ned,
eg
må elske det: at eg er til,
at
nokon vil sjå
at
eg lever og lever og lever,
med
hendene på skrivemaskinen.
Det
bankar, det bankar,
og
eg opnar døra,
og
nokon kjem inn,
nokon
vil treffe meg ein dag.
Eg
har stått i vindauga,
eg
har stått på ein varde,
eg
er eit menneske med kjøt og blod,
eit
levande under, eit hjarta
som
bankar, og takkar.
Vi
er jo alle eit under,
og
eg veit kva kjærleik er.
GRASET ER
GRØNT FOR ALLE
Det er ikkje berre for dei som lever
at
graset er grønt.
Graset
er grønt for alle,
også
for dei som ligg i jorda,
for
dei som ikkje er fødde,
for
tre og planter,
for
alle dyr.
Graset
er framtida, graset er vårt testamente.
Vi
kan alle døy, berre graset er grønt,
berre
skogen veks, berre frøet ligg i jorda.
Graset
er vår redning. Vi kan sjå
graset
veks, sjå kornet spire.
Skogen
gjev oss trygd og ro,
graset
er heilagord.
Vi
er menneskebarnet som skal hauste i vår tid,
kjærleik,
poesi.
7
ORD FOR
MINE FØTER
Øyhavet veks, øyhavet er for mine føter
ord.
Det er skrivne ord frå bøker
som
kjem opp, som svirrar i lufta,
som
fer i vinden, som gjev von,
som
teier og syng, som gjev fred.
Øyhavet
er fiskaren sitt kongerike.
Her
er eg, ein fugl frå havet.
Eg
er komen med ein stork.
Eg
kom til ei øy, eg vart verande
som
ein øyværing. Eg song
slik
som øyværingane. Eg
las
dikt for meg sjølv og bølgjene.
Det
ropa til meg frå alle kantar,
det
ropa til meg frå dei små husa,
frå
naust og kyrkjespir.
Kverna
mol, det song i øyhavet.
Eg
var ein fiskar, eg var ein
som
alle andre. Her skulle eg leve
og
her skulle eg døy.
Så
reiste eg. Og havet vart kvitt.
Eg
reiste. Det var ei underleg tid.
Havet
stod bratt imot meg. Båten
gjekk
til land. Ord kom til Salomo,
og
eg høyrde ei røyst i radioen:
Kom
til meg alle de som strevar
og
har tungt å bera, og eg
vil
gje dykk kvile.
Så
vart det ein ny dag i øyhavet.
8
PÅ SPORET
Kva er det med deg i dag?
Du
går så underleg.
Er
du ikkje glad?
Er
du ikkje den same jenta
på
veg mot eit høgt mål?
Studer verda, gå ut og leit
etter
sanninga, gå ut
til
dei fattige og dei rike.
Først
når du kjem heim att
finn
du deg sjølv.
Du
er ei glo, ei brennande sol.
Du
er studieboka, og du går ut
kvart
år, du ser og høyrer
og
kjenner at Gud er til.
Du
er ein vengelaus fugl, men
du
er ei oppslagsbok for verda.
Du
er ei jente med bein i nasen.
Vegen
du går er bratt,
og
du finn fram til Soria Moria.
9
ORD FOR
EIN TANKE
Å finne det rette ordet, finne eit ord
med
gull og granitt, halde saman
på
jorda i det heilage huset,
finne
seg sjølv, sin eigen tanke,
og
byggje eit slott med tårn
og
vindaugo som lyser i verda.
Eit
ord for framande som går på vegen,
eit
ord for alle som kjenner seg heime,
eit
ord av grunnstoffet, kjærleiken
som
gjer at vi alle kan kjenne
at
Gud er vår far og vi er hans born.
Ordet skin i myrkre, ordet som er
ei
stjerne, ei sol for menneskebarnet.
Hans
allmakt er vår trøyst og vår styrke.
Vi
skal alle fram for hans kongsstol
og
sitje til bords med dei heilage.
Vi
er ein blome i hans hage, eit tre
som
skal vokse inn i himmelen.
KYRKJA I
NORD
Det lyser eit spir, det kimar til fred
og
samling om Guds ord.
Dei
syng i vår kyrkje i nord,
dei
syng og spelar og syng:
Vårt
liv er ei høgborg for Gud.
Vi
skal byggje vårt land,
vi
skal heise vårt flagg.
Vår
kyrkje i nord er eit levande ord
som
gjev lækjedom, fred.
Du er fri, du er frelst
som
i nord har reist
ein
kross som ei helsing frå Gud.
Og
sola skal skine natt og dag.
Og
kyrkja skal vere eit himmelsk kvad.
Vi
er brør og sysken på jord.
Vi
skal bere det levande ord
til
alle folkeslag.
Bygg kyrkje i nord, bygg i kvar bygd og by
ei
kyrkje for Gud, ein samlingsstad
for
song og ord, ei hamn for alle i nord.
Og
bibelen vert eit levande ord,
og
ordet er for liten og stor,
ei
kyrkje for alle som høyrer.
Og
dei som høyrer skal sjå ein dag
seg
sjølv og Jesus i Kongens sal.
Og
kyrkja skal vokse og breie seg ut,
og
freden skal kome til folket i nord,
og
Jerusalem skal ha fred. Dei syng:
Ord
frå Herren er vår glede,
Kyrkja
er eit gamalt hus,
Jesus,
kongen, er til stades.
Vi
er Kristi sendebod.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar