Side 33-41
DU KJEM
HIT
Du
kjem hit, og ikkje lenger.
Grensestolpen
held oss vaken.
Du
har Gud i hjarta, venn.
Og
eg møter dine steg.
Einsam
går du, må eg tenkje,
ut
i regnet etter slekta.
Du
kjem hit og ikkje lenger.
Sanninga
er kjærleiken.
Ingen
går aleine her ifrå.
Ordet,
songen gjev deg styrke
til
å kome inn i landet.
Du
er ikkje einsam lenger.
VI TALAST
Vi talast vel att? sa han
kvar
kveld han gjekk.
Og
somme gonger tok han meg i handa.
-
Får tru at vi råkast.
Så
skildest vi.
Så
møttest vi ved grinda. Han hjelpte
lammet.
Han var utan hund.
Gjekk
liksom, og berre tagde.
Sommaren
var komen. Tankane strekte
inn
i fjellheimen. Der han gjekk,
siste
ferdamannen.
TIDA
Siste
timen. Timen i Getsemane.
Krossen
som gav verda fred.
Vegen
til Paradis.
Tida,
slik ho er for oss.
Utan
ro, utan stopp.
Vi
er med på karusellen.
Medieflaumen.
Siste kvelden.
Vi
er fødde til å sjå,
vere
vitne til Himmelferda.
I
det ljos som Herren skapte
skal
vi stige, skal vi stige,
sjå
Guds englar ved vår side
heime
i Guds Paradis.
34
JUL
Heim
til jul, til far og mor,
heim
til fest og hyggje.
Vere
saman, syster, bror,
byggje
sterke band. Byggje
heimen,
over land, over by.
Vere
som ei sky, ein styrke,
i
ei mørk og farleg verd.
Vere
heime, denne jula. Sjå,
ljoset,
stjerneljoset.
Høyre
bålet, middnattstimen.
Englar
syng, stig opp og ned.
SNART SKIN
SOL
Snart
skin sol. Det skin i snø.
Spor
frå alle stjerner.
Borna
syng, og det er fred.
Nyårsnatta
kjem med nye under.
Sol
går ned. Verda ynskjer brød.
Gud
kjenner sine. Vi må tru
Abraham
og Isaks Gud.
Fader
Vår, gjer nye under: Sjå, Jerusalem!
Til
Herrens hus går vegen vår.
BARNET
Det
var ein gong eit barn.
Ho
var det sterkaste som var fødd.
Det
vesle menneske var av eit anna slag,
hadde
klokker i kvart auga,
hadde
ei verd i kvar hand.
Hjarta
banka trygt, men gråten var opprivande
som
havet under orkan.
Har
du berre drøymt om henne,
eller
har du sett henne i ein båt, på vegen?
Eg
veit berre ho er det sterkaste.
Ho
skal vekse, eg skal avta.
Snart
er ho i ei verd av blomar.
Største
blomen er kjærleiken. Eig du denne, er du fri.
Alle
stjernene som lokkar og dreg og held oss vakne.
Eg
og vil finne ei stjerne å halde i.
35
INSTE
DRAUMEN
Å
spegle seg, sjå inn i tankemylderet,
finne
irrgangar og labyrintar; det er draumen.
Draumen
om å vekse, bli stor, halde i noko ein eig,
gå
over stokken til sitt eige - og sjå utover bøen
når
kornet er mogent til hausting.
Det
er som å vere heime, kjenne seg trygg og sterk.
Kjærleiken
lyg ikkje, men er som eit hjarta
som
aldri sviktar.
Det
er godt å vere kar i ei verd utan hat og krig.
Berre
alle kunne kome inn i min draum.
Å
sjå Jerusalem, gå til Betlehem, stå ved Jakobs brønn,
oppleve
Holocaust-museet.
Det
er sterkt som Jerusalems murar,
der
eg gjekk tidleg ein morgon, før hanen gol.
Eg
er glad i dette landet, og dette folket med ord.
Av
ordet skapte Gud. Av ordet er alt skapt
som
er blitt skapt på jord.
Det
ringer i klokker når eit menneske vert fødd.
Når
eit barn smiler og ler blinkar stjernene.
Jorda
er ein hage for alle menneske,
berre
vi kunne sjå det.
SNØ
Djup
ligg fonna. Her kviler blomen.
Lengst
nede kviler eit barn.
I
varm sol gjekk guten. I dag er snøen her,
Og
alle spor er borte.
Kjærleiken
lever kringom husa her.
Snøen
er brå og kald. Iskald og aleine
møter
vi verda. Ingen er annleis når snøen kjem.
Eg
kyste handa og sa farvel, siste dagen.
Vi
kan ikkje vere her stort lenger.
Hjarta
kan ikkje halde hus utan deg.
Når
snøen er ferdig kjem våren.
Å
snu verda kan berre Gud.
36
I BLINDE
Høyrer
ikkje, ser ikkje, skjønar ikkje,
er
berre rumlande magar, søkjande spyd.
Vi
er villfarne, levande på leit etter ord,
etter
sanninga. Du festar hendene i mine.
Det
bur noko i den som går i mørkret,
du
ser ikkje annleis, er redd for å gå feil.
Handa
mi er sterk når eg ser.
Ta
mi hand, så går vi til verdas ende.
Du
og er modig som fører meg fram.
Det
er viktig å kome over grensa
før
frosten legg is over landet.
Stum
står ein og ser. I blinde.
Villfarande,
vaktar ein vegen med øyro.
Ein
kan kome langt som vil noko, som vil fram.
Det
er vegen som fører til målet.
Blinde
var vi alle før lyset.
Med
takk og undring søkjer ein sanninga.
Berre
lyset kan lyfte ein fram til ei anna verd.
Du
kjenner stjernene på himmelen.
Ingen
kan finne fram utan ei stjerne syner vegen.
Vi
treng alle ei stjerne,
og
ein engel skal lyse for meg.
37
PREIKESTOL
Å
stå på ein stein og svare for seg,
det
kan kvar mann som elskar sin veg.
Å
reise seg opp, bruke mange ord,
det
kan den prest som er så stor.
Alle
er prestar i Noregs land,
alle
har ein preikestol.
Og
har du noko du vil ha fram,
så
sei ifrå, det er ikkje skam.
Men
skam for dei som går bak din rygg
og
buldrar og blæs som ein storm.
Ver
tru i det små, gå fram, om vegen er lang,
og
til slutt skal du løna få,
framme,
i Kanaans land.
Tida
er smal, tida er vid, vegen går bratt og i ring.
Og
vindane blæs, vi er rådville, fri,
men
hjelpe den smed som ikkje kan smi,
for
livet er ikkje ein smalhalsa strek,
det
er underleg straum i eit liv.
38
VÅR
Nå
går snøen i Mørkeskaret, nå kjem lauvet i li.
Kjenner
du våren frå inst i hjarta?
veit
du at det er ei lykkeleg tid.
Og
borna sprett som hare på vegen,
og
blomen er god som gull.
Kjærleiken
kviskrar i kvart eit laken.
Snart
er det sommartid.
Og
blomane sprett, og fuglane trippar.
Det
er som verda på ny får eit smil.
Eg
kjenner eit brødfat som aldri vert tomt,
ei
signing frå far og mor.
Eg
kjenner ein draum frå då eg var ung,
om
ein gong å verte stor.
Så
mykje eg skulle gjere, og sjå, høyre frå fjell og myr.
Sit
ved ein steingard og ser og ser, inn i ei anna tid.
Eg
skulle gjere så mykje godt,
plante
eit tre for kvar dag, og sjå eplene modnast
og
dele dei ut, eit eple av alle slag
til
alle eg møtte, til ven og bror,
til
nabo og slekt, ein dag.
Eg
skulle vere til for å gjere godt,
heise
eit flagg for mor,
gå
ut i kulden og redde ein bror,
vere
handa og hjarta til far.
Nå
går eg kring bøen, sit på ein stein,
kjenner
kvar blom og kvist.
Som liten gjekk eg vegen her, nå er eg vorten
stor.
Men
våren er blid, og eg takkar for sol,
er
glad for kvart blometre.
Når
hagen blømer er det fest i mi sjel,
då
strålar lyset fram.
Eg
kjenner namnet, vegen er her, fjella ropar og syng.
Snart
går eg vaktsamt i møte med deg,
og
du er evig ung.
39
REISER
Nå
reiser eg ikkje meir, nå er det slutt med det.
Berre
for augo og hjarta, reiser eg for å møte deg.
Reiser
i tid, og rommet - er livet, på jord ein stad.
Her
reiser alle på vegar, som maur, mot ei evig grav.
Men
bak denne istid, støvet - vil stige til Gud,
og
her skal perlene finne sin hank,
og
blomen skal sprette ut.
LYKKE
Å
vere til, vere i denne sjø, ro mot målet,
med
sollys, stjerne, og brød;
det
er lykke i livet, for den som kan finne hamn,
reise
med bankande hjarte, med kjærleik i kvar ei hand;
det
er det beste skutsmål, fred og signing frå jord,
å
ro mot Lykkelandet, med strenger og englekor.
BLOM I
FJELL
Går
du i fjell og finn blom,
vert
du glad.
Sjølv
er du blom på din veg
i
dag.
Berre
du visste å vatna han vel,
og
stelle han slik
som blom på fjell.
Da var du rik.
VEG Å GÅ
Alle
har veg å gå. Det er slik.
Ingen
kan gøyme sitt andlet for Gud.
Vegen
er sjølve livet.
Og
vi går og vi trør og vi set våre spor,
men
kva er det så som veks opp?
Våre
frø er eit endelaust rop om ein bror
som
ikkje fekk sjå ei sol.
Vi
lever, og døyr.
Vår
veg er eit rop.
Vi
skulle gå lenger, vi var i eit kor.
Denne
vegen er som ein preikestol.
Vi
kan sjå, vi kan gå, vi kan møtest igjen,
gi
eit ord til helsing og trøyst.
40
TRØYST
Så
mange som lengtar etter å sjå.
Lat
dei få sjå.
Lat
kvar den som lid
finne
ein heim, få trøyst i si tid.
Lat
ikkje blomane henge på stilk.
Lat
dei få sol, kjærleik og trøyst, i vår tid,
medan
det ennå er tid.
Lat
hjarta få slå
for
den verda som ber oss fram,
og
Gud – som ser
og
skjønar og skjønar
at
vi er så små.
LANDSKAP
Her,
under hengande lauv, ved fjell og fjord.
Eg
ser at det snart er kveld, eg kjenner solelden ror.
Kven
møter under ei marmoreik? Ei himmelsol.
Eg
opnar ei grind. Her er godt å gå. Eg kjenner meg varm.
Den
vegen eg går opnar tankar og sinn mot eit eventyrland.
Kven
veit? Snart er tida i skap. Vi skal gå mot ei strand.
Ein
morgon er livskvelden her.
Vi
er biletet Hans, og vi har eit namn.
41
HAVET
Alle
skal møtast ved havet, sjå bølgjene bryte mot land.
Vi
skal gløyme pengejaget, og streve med kjærleiksband.
Vi
skal finne ei trøyst til det siste, i Ordet som speglar vår kyst.
Vi
er dei første som vaknar – når kyrkjeklokkene spør.
Med
helsing syng vi mot havet. Vår tid er ei open dør.
Vi
skal finne inn til varmen, til heimen, til trøyst, og Gud.
Hjelp
dei som vandrar i mørkret, rop liv i den steintunge ur.
DET
SKIN
Det
skin av dag, det skin i fjell og bre.
Det
skin for kvar ein vandringsmann, for blom og hegg og kveg.
Det
skin over haug og heim, det skin i hus og hytte.
God
morgon, alle instrument, god morgon song og tale.
Det
skin så vakkert i mi sjel, det skin frå fagre Lyse.
Når
sola går er det blitt kveld, og natta kjem. Det renn ei elv.
Kvar
vert det av ditt strålespenn?
Nå
vakna alle, kvinner, menn.
La
borna sjå: det kjem ein venn til bygda her.
Frå
fjellet skal det tale.
Og
steinar får ein annan let, og fuglar syng som aldri før.
Nå
skin det over dalen her. Det skin i mark og himlaver.
Det
skin i is og skare, over fjell og ned til deg.
Så
syng ein engleskare:
Halleluja.
Nå kjem vår Gud tilbake.